Driveplikta og bruk av leigejord styrkar jordvernet
Driveplikta og bruk av leigejord bidrar til å styrke jordvernet i Noreg. Dette går fram av ein rapport som nyleg er lagt fram av ei arbeidsgruppe leia av Landbruksdirektoratet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rapporten kjem i samband med regjeringa sitt arbeid med ein nasjonal jordvernstrategi. Arbeidsgruppa meiner at driveplikta er viktig for å oppretthalde jordbruksarealet sin status i plan- og omdisponeringssaker, og for å motverke eigedomsspekulasjon gjennom brakklegging av god matjord. Dette fordi eit jordbruksareal i god hevd i realiteten vil ha eit sterkare vern og status i plansaker, enn eit brakklagt eller gjengrodd areal. Driveplikta bør derfor vidareførast for å sikre at areala blir haldne i hevd med kontinuerleg drift.
Det kjem vidare fram av rapporten at bruk av leigejord bidrar til å styrke jordvernet når eigar ikkje kan eller ønskjer å drive sjølv. Bruk av leigejord sikrar aktiv drift, og opprettheld arealet sin verdi og status i plansamanheng. Moglegheita til å oppfylle driveplikta ved bortleige bør derfor vidareførast. Arbeidsgruppa peiker likevel på at det også bør leggast til rette for auka/lettare omsetning av tilleggsjord, slik at det blir større samsvar mellom eigar og drivar.
Arbeidsgruppa blei også beden om å vurdere om innføring av ein eigen verneheimel i jordlova kan ha effekt for jordvernet. Dei konkluderer med at etablering av ein jordvernheimel og oppretting av jordvernområde vil kunne sikre eit utval av dei mest verdifulle areala for jordbruk i landet mot nedbygging. Men truleg vil dette gjelde avgrensa areal. Arbeidsgruppa meiner derfor at verkemidlar knytt til jordvern og arealplanlegging bør styrkast og vidareutviklast, fordi det vil vere det mest sentrale for å ivareta jordressursane. Dei peiker også på at det bør definerast eit nytt politisk jordvernmål som viser statlege prioriteringar, og som legg føringar for regional og kommunal planlegging.