Endring i rundskriv om omdisponering og deling etter jordlova
Rundskriv M/1-2013 kap. 6.2 er endra slik at definisjonen av omgrepa dyrka og dyrkbar jord i jordlova § 9, er oppdatert i tråd med AR5. AR5 er det nasjonale kartdatasettet som beskriv arealressursane. Rundskrivet viste tidligare til definisjonane i Økonomisk kartverk, som ikkje lenger blir oppdatert.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Definisjonen av fulldyrka og overflatedyrka jord i Økonomisk kartverk svarer til definisjonen i AR5, og omgrep innmarksbeite dekker i all hovudsak det same som gjødsla beite har gjort etter tidligare definisjonar. Forskjellen består derfor i det vesentlege i at AR5 tar utgangspunkt i jorda si tilstand, mens den tidligare definisjonen, gjødsla beite, tok utgangspunkt i bruken.
Omgrepa dyrka og dyrkbar jord i jordlova § 9 må derfor forståast i samsvar med gjeldande terminologi som i dag kjem fram av AR5 og datasettet Dyrkbar jord.