Får ikkje plante juletre på beste matjord i Sandnes
Fylkesmannen opphever kommunalt jordlovsvedtak i Sandnes formannskap fordi det er vurdert til å vere i strid med jordlova å plante juletre på beste dyrka jorda på Jæren. Saka gjeld omdisponering av 43 dekar god dyrka jord til juletreproduksjon.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Juletresatsinga i Rogaland har vore ei suksesshistorie, med stor auke i tilplanta areal dei siste åra. Fylkesmannen ser positivt på at det blir satsa i denne næringa, som eit viktig inntektsbidrag i landbruket. Det har ved fleire høve vore diskusjonar om bruk av jordbruksjord til juletreproduksjon, og Fylkesmannen har klårt fremja synspunkt om at god matjord i beste klimasone må nyttast til matproduksjon. Det er stort potensial for auka juletreproduksjon i Rogaland utan å ta i bruk flat fulldyrka jord i aktive jordbruksområde, også i delar av Sandnes kommune.
Fylkesmannen meiner omdisponeringsvedtaket i Sandnes formannskap den 17.04.2012 er i strid med jordlova, der vi i vurderinga har lagt vekt på at jordbruksareal med så god kvalitet bør nyttast til matproduksjon. Det er m.a. vist til det nasjonale målet om auka matproduksjon.
Lenkje til overprøvingsbrevet finn du til høgre.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13