Rogaland treng delingsforbodet i jordlova
Regjeringa sitt høyringsforslag om oppheving av delingsforbodet i jordlova treff ikkje utfordringane til landbruket i Rogaland. Lovforslaget kan undergrave nasjonale jordverninteresser i vårt fylket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 18.03.2013
Dette kjem fram av Fylkesmannen si uttale 08.03.12 til høyring av endringar i § 12 i jordlova:
- Fylkesmannen i Rogaland rår i frå oppheving av delingsforbodet i jordlova § 12.
- Lovforslaget treff dårleg hovudutfordringane i Rogaland og kan bidra til å undergrave nasjonale jordverninteresser i vårt fylket.
- Vi saknar ei betre drøfting av lovforslaget i høve føremålsparagrafen i jordlova, og ei konsekvensvurdering av å fjerne gjeldande lovfesta vilkår om at deling må vere forsvarleg ut frå avkastinga til landbrukseigedommen.
- Delingsforbodet i jordlova har gjennom snart 60 år vore viktig for landbruket og samfunnet. Jordlova er ”suksessen du ikkje ser”. Delingsforbodet har gitt vesenleg økonomiske og administrative gevinstar gjennom alle sakene som ikkje blei fremja, fordi søkjar har kjend innhaldet og praktiseringa av jordlova § 12.
- Skal vi nå måla i landbruks- og matpolitikken, er det viktig å sikre ein robust og kostnadseffektiv eigedomsstruktur for landbrukseigedomar, ikkje opne for meir fragmentering av landbruksområda.
- Rogaland kjenner seg ikkje igjen i departementet si forståing av at gjeldande utforming og praktisering av delingsforbodet er til hinder for gode bruksrasjonaliseringar og sal/frådeling av tilleggsjord.
- Vi er samd i at det kan vere omsyn som kan tale for andre avvegingar og ei meir differensiert vurdering når det gjeld frådeling og sal av skog og utmark. Dette bør løysast gjennom praktisering av eksisterande lov, ikkje ved fjerning av delingsforbodet.
- Vi er i tvil om enklare frådeling av spreidde tomter på landbrukseigedommar vil gi auka salsvilje av gardsbruket og tilleggsjord. Verknaden kan heller bli mindre salsvilje. Andre verkemiddel enn fjerning av delingsforbodet må til for å redusere omfang av leigejord.
- Plan- og bygningslova, og tett dialog mellom kommune og regionale styresmakter, er gode verkty til å handtere og avklare busettingsomsyn i landbruksområde. Høyringsnotatet til departementet har ei svak forståing av bruken av plan- og bygningslova og dei samordningsvurderingane som skal gjerast og blir gjort for den samla areal – og ressursforvaltninga i LNF-områder.
- Dei økonomiske, administrative og andre vesentlege konsekvensar for kommune og regionalt forvaltningsnivå er etter vår vurdering undervurdert og mangelfullt konsekvensvurdert i høyringsnotat til departementet.