Gode råd frå Riksrevisjonen om motsegner og plandispensasjonar
Riksrevisjonen har undersøkt «Innsigelsesinstituttet» som skal bidra til å sikre nasjonale og vesentlige regionale interesser i kommunal arealplanlegging. Døme på slike interesser er jordvern, strandsone, naturmangfald, folkehelse, barn og unge sine interesser, kulturminne, trafikksikkerheit og skred- og flaumfare.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Målet med undersøkinga har vore å vurdere korleis nasjonale og regionale interesser blir ivaretekne i kommunal planlegging.
Dispensasjon ei utfordring
I rapporten blir det peikt på at vilkår for å gi dispensasjon er strenge i lova, samstundes viser KOSTRA-tal at kommunane har gitt over 15 000 dispensasjonar i 2017. Det blir gitt råd om å skaffe meir kunnskap om denne praksisen.
Råd til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD)
Ut frå dei funn som er gjort i undersøkinga, gir Riksrevisjonen blant anna følgjande råd til KMD som ansvarleg plandepartement:
-
vurdere om behandlinga av motsegner fremjar omsynet til nasjonale og vesentlege regionale interesser
-
sørge for at fylkesmennene si samordning av motsegner skjer ope og føreseieleg
-
rettleie fylkeskommunane, kommunane og motsegnsstyresmaktene for å sikre
-
at regionalt planforum fungerer etter intensjonen i plan- og bygningslova
-
ein meir lik praksis i planforum i regionane
-
-
gje betre styringsinformasjon om motsegner gjennom
-
tydelegare krav til fylkesmennene si rapportering
-
betre kvaliteten på KOSTRA-tal om motsegner
-
-
sikre betre kunnskap om kommunane sin dispensasjonspraksis
Her finn du rapporten.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13