Time kommuneplan utfordrar nasjonale og regionale interesser

Time kommune har no hatt arealdelen av kommuneplan 2018-2030 ute til offentleg ettersyn. Kommunen har gjort eit godt arbeid, særleg med føresegner, ROS-analyse og vasshandtering. Me har likevel av omsyn til jordvern, miljø og samordna bustad-, areal- og transportplanlegging (BATP) motsegner og faglege råd til fleire av arealforslaga.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.07.2019

Planen er ambisiøs i den forstand at kommunen vel å legge ut relativt mange nye område til bustadføremål sjølv om det er lagt til grunn at gjeldande arealplan dekker arealbehovet innafor planperioden fram til 2030. Me har forståing for det å tenke langsiktig, og det å styrke tettstadstrukturen. Samstundes gir det utfordringar å planlegge utbygging så pass ut over behovet for planperioden. 

Motsegner grunna konflikt med nasjonale og regionale føringar

Ein del arealforslag er i konflikt med nasjonale og regionale føringar knytt til samordna areal- og transportplanlegging, jordvern, natur- og landskapsinteresser. Me har fremja motsegn til nye bustadområde på Lye, Kverneland, Undheim og Hognestad av omsyn til jordvern, miljøomsyn og BATP. Me har og motsegn til nytt næringsområde utanfor Kverneland, og til masseuttak på Kalberg og Undheim av omsyn på jordvern og miljø.

Brynebyen sentral

Me saknar ei sterkare prioritering med tilrettelegging for vekst og kompakt utbygging i og ved Bryne, som vil vere eit viktig jordverngrep og positivt ut frå klimaperspektivet. Samstundes har me motsegn til det å vise nytt næringsområde sør for langsiktig grense på Håland.

Føresegner viktig

Me har brukt ein del ressursar på å gå gjennom føresegnene til planen, og har framheva at det er gjort eit godt arbeid både med språk og struktur. Me har her mest faglege råd, men også nokre motsegner. Eksempelvis motsegn til det å opne for varehandel på Håland, i strid med regionalplanføresegn og uheldig med omsyn på BATP.

Vidare dialog

Sjølv om me har ei rekke motsegner til utkast til kommuneplanen ser me fram til god dialog vidare for å løyse desse motsegnene.

 

Vår uttale finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.