Utfordringar med veterinære tenester i landbruket

Fleire veterinærer ynskjer å jobbe med smådyr eller anna verksemder

Veterinærdekninga er utfordrande fleire stader i landet. Mange kommunar melder om svakare næringsgrunnlag. No skal Landbruks- og matdepartementet ha ein gjennomgang av tilgang på veterinære tenester i Noreg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.09.2022

Landbruksdirektoratet er ansvarleg for inndeling av veterinærdistrikt, og administrerer vakt- og administrasjonstilskot til vertskommunane i vaktområdet. Statsforvaltaren administrerer eit stimuleringstilskot til veterinærdekning i kommunane. Føremålet med tilskotet er å sikre tilfredsstillande tilgang på veterinærtenester på dagtid i næringssvake områder.

I 2021 sendte statsforvaltare eit felles brev til Landbruks- og matdepartementet med ynskje om gjennomgang av ordninga om stimuleringstilskot til veterinærtenester. Det er avgjerande å ha veterinærar tilgjengeleg for husdyrhaldet i Noreg, både for dyrevelferd og beredskap ved sjukdomsutbrot hjå dyr og menneske. Fleire kommunar i Noreg melder om utfordringar med næringssvake område, og problem med rekruttering av veterinærar.  

Utfordringar i kø

Utfordringa med veterinærdekning er ofte knytt til næringssvake område. I vårt fylke er det store variasjonar i næringsgrunnlag, lange reiseavstandar og avstand mellom landbruksføretak. Fleire stader er det utfordrande for veterinærane å ha nok oppdrag og nok inntening til å ha eige føretak. Slike situasjonar gjer det vanskeleg å rekruttere veterinærar til vaktordningar utanom ordinær arbeidstid. I dei næringssvake områda er det for lite næringsgrunnlag på dagtid, og difor slit kommunane med å fylle vaktordninga. Det er heller ikkje mogleg utvida vaktoppdraga geografisk med det dei har i dag. Dette betyr redusert bemanning, arbeidspresset aukar og beredskapen ved sjukdom eller anna fråvær blir dårleg.

Driftstilskot

Kommunar i næringssvake område kan søkje om stimuleringsstilskot for veterinærdekning. I søknaden blir det huka av for driftsstilskot, og i praksis fungerar dette som eit vakttilskot på dagtid. Dei fleste fylka bruker nærast alt stimuleringstilskot til driftsstøtte. Ein del av pengane blir også brukt til rekruttering. I slike område er det krevjande å rekruttere veterinærar, spesielt til husdyrpraksisar. Mange veterinærar ynskjer å jobbe på smådyrklinikkar, Mattilsynet eller anna verksamdheit som har større fleksibilitet og betre føresetningar.  

Statforvaltarne ynskjer endring

For Rogaland er ordninga om stimuleringstilskot liten, med 566 000 kroner totalt til fordeling mellom søkjarane. Kor mykje kommunane får, er avhengig av tal søkjarar og ein vurdering av behov.

Tabellen viser fordeling av penger til stimuleringstilskot for 2022.

Fylke

Beløp (kr)

Andel av ramme (%)

Innlandet

3 040 000

9,1

Viken

868 000

2,6

Vestfold og TelemarkAgder

1 036 000

3,1

Agder

1 102 000

3,3

Rogaland

568 000

1,7

Vestland

6 179 000

18,5

Møre og Romsal

3 273 000

9,8

Trøndelag

5 244 000

15,7

Nordland

5 678 000

17,0

Troms og Finnmark

5 611 000

16,8

Svalbard

802 000

2,4

 

 

Statsforvaltare meldar om uforutsigbare rammer for stimuleringstilskotet som bidreg til å gjere situasjonen meir krevjande. Tilskotet varierer kvart år, avhengig av Stortingets avsetjing til føremålet, og akutt behov i fylker og kommunar. Utfordingar er også knytt til behandling av søknadar, fordi statsforvaltaren må vente med å behandle søknaden før vi får retningslinjer frå Landbruksdirektoratet kvart år. Direktoratet må igjen vente på signal frå departementet etter statsbudsjettet er vedtatt. Statsforvaltaren sett frist for søknad, men skal rapportere inn behov for midlar og brukte midlar inn til Landbruksdirektoratet innan 1. juni kvart år.

Statforvaltaren skriv i brev til Landbruks- og matdepartementet ynskje om gjennomgang av ordningane vakt- og administrasjonstilskot samt  stimuleringstilskot til veterinærdekning, for å avdekka omfang av utfordringar om moglege løysningar i framtida. No har LMD sett ned ein arbeidsgruppe som skal føreta ein grundig gjennomgang av tilgangen på veterinærtenester i Noreg.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.