Vil du jobbe med skog og næringsutvikling – vi har jobb til deg!

Treflis lagret i silo til bruk for oppvarming av grisefjøs i Vindafjord.
Bioenergi er "hot" som aldri før, og er eit av fagområda i stillinga. Foto: Birgit S. Hagalid.

Vi ser etter deg som har interesse for skog- og utmarksressursar, og som vil utvikle landbruket i Rogaland. Skogen er eit viktig bidrag inn i det grøne skiftet!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.03.2023

Vi har ledig fast stilling innan skog og næringsutvikling. Sjå heile stillingsannonsa på Jobbnorge.no. Vi søker primært etter deg som har relevant kompetanse innan skogfaget. Samstundes er vi opptatt av å finne rett person, så ta gjerne kontakt om du har anna tilgrensande relevant kompetanse. Vi har god erfaring med å tilsette nyutdanna.  

Skogen er og blir ein viktig ressurs

Skogen er av stor verdi, både for skognæringa og i miljø- og klimasamanheng. I Rogaland har vi mykje folk og stor aktivitet, og det gir stor merksemd omkring bruk og vern av alt areal. Dette gjeld også skog og utmark.

Statsforvaltaren har ansvar for at nasjonal politikk blir formidla og følgt opp i praktiseringa av lovverket. På skogområdet har vi som hovudoppdrag å sikre eit berekraftig skogbruk, der auka hogst blir følgt opp med ny forynging og skogskjøtsel. Trevirke inngår som ein viktig del av eit klimatilpassa samfunn, og det nasjonale skogressursen må bli ivareteke på ein berekraftig måte.

I tillegg til tradisjonelt skogbruk skjer det mykje spanande innan bruk av skogressursane i Rogaland. Det er store planar om bruk av trevirke til innslag i dyrefôr, til byggemateriale og som energikjelde. Som tilsett må du vere budd på å arbeide med interessante utviklingsoppgåver kring bruk og foredling av skog- og utmarksressursane. 

Interessante oppgåver i eit godt lag

Hos oss får du arbeide med varierte og interessante oppgåver i eit team som jobbar saman om næringsutvikling i alle delar av landbruket. Og du kan sjølv vere med på å forme innhaldet i stillinga. Vi legg vekt på å gi nytilsette god opplæring. Vi er om lag 25 tilsette i avdelinga, som alle ønskjer å gjere kvarandre gode. Døme på oppgåver i stillinga: 

  • arbeide for auka bruk av tre som byggemateriale, auka bruk av skogsråstoff til bioenergi, og auke skogen sitt bidrag til utmarksbasert verdiskaping
  • arbeide for og formidle kunnskap om karbonbinding og klimatilpassing i skog
  • delta i tverrfagleg utgreiings-, plan-  og samarbeidsoppgåver med andre statlege regionale etatar, fylkeskommune, kommunar og næringa
  • arbeide med tilskotsforvalting og oppfølging av lovverk, innanfor forynging av skog, skogskjøtsel og ressursforvalting, og rettleie kommunane om dette
  • bidra med skogfagleg kompetanse i prosessen med frivillig skogvern
  • arbeide for god forvaltning og auka verdiskaping av dei utmarksbaserte ressursane i landbruket
  • saksbehandle saker etter skogbrukslova med forskrifter (sektorlovverk) og naturmangfaldlova, så som søknadar om utsetting av utanlandske treslag

Ta kontakt

Du må gjerne kontakte landbruksdirektør Geir Skadberg eller ass. direktør Anfinn Rosnes.

Her er link til ein filmsnutt frå 2019 sist vi lyste ut tilsvarande stilling, som er overraskande aktuell også i dag.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.