Aukar verdiskapinga i landbruket?
Ny verdiskapingsrapport viser positive tal for Rogaland. Noko meir vil vi ikkje røpe før lanseringa den 3. desember kl 10.00 - 11.30 på Øksnevad vidaregåande skole.
Rogaland Bondelag vil i samarbeid med Landbrukspartnarskapet i Rogaland invitere til lansering av verdiskapingsrapporten «Verdiskaping i landbruk og landbruksbasert verksemd i Rogaland».
- 3. desember kl. 10:00 – 11:30 på Øksnevad vidaregåande skule, Jærvegen 990, 4351 Kleppe
Rapporten er utarbeida av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Østlandsforskning. Førre rapport blei lansert i 2019.
Dei har berekna verdiskapinga i landbruket og gjort ei analyse av ringverknadene av landbruksproduksjon i fylket. I tillegg har dei laga eigne kommuneark som kan vere nyttig for kommunar og andre. Landbruket i Rogaland er viktigare en mange er klar over, noko rapporten vil stadfeste.
Program
- Opning ved May Endresen, Rogaland fylkeskommune og leiar av partnarskapet
- Presentasjon av rapporten ved Ståle Hustoft, Rogaland bondelag og landbruksdirektør Monica Dahlmo
- Intervjurunde med 2-3 aktørar knytt til landbruket ved Anfinn Rosnes, ass. landbruksdirektør
Det vil bli servering av kaffe og solskinsbollar. Gratis deltaking, inga påmelding.
Det er det regionale landbrukspartnarskapet som har bestilt rapporten og desse er Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag, Rogaland skognæringsforum, Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Rogaland.
Rapporten er finansiert av Rogaland fylkeskommune og Rogaland landbruksselskap.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13