Urfe-seminar skapte engasjement og matglede på Moi
Interessa og etterspurnaden av bevaringsverdige storferasar har vært aukande dei siste åra. Den 18. oktober blei produsentar, interessentar, rådgjevarar og Ryfylkekokken samla på eit innhaldsrikt fagmøte. Møtet blei arrangert i samarbeid med Urfe SA, Nortura og Statsforvaltaren i Rogaland.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Landrasar i Noreg
Noreg har seks bevaringsverdige landrasar, Vestlandsk fjordfe, Dølafe, Telemarksfe, Østlandsk raudkolle, Vestlandsk raudkolle og Sida trønderfe og nordlandsfe (STN). Populariteten av landrasane har vært aukande av fleire grunnar. Sidan 2000 har det vært ulike støtteordningar med blant anna ekstra tilskot for desse rasane, men etter kvart har det utvikla seg eit marknad og etterspurnad av rasane og produkar frå dei. Landrasane er kjende for å ha ei unik samansetning av mjølk og ettertrakta kjøtkvalitet, noko som gjer det attraktivt å bruka hjå kvalitetsbevisste forbrukarar og kokkar. Leiar av Urfe SA, Ola Hammer, seier at landrasar passar best i ekstensiv drift med lågt kraftfôrforbruk og gode beiteområde, gjerne i utmarka.
I Nibio sin rapport, Status for rasene omfattet av «Produksjonstilskudd for bevaringverdige husdyrraser» 2020, viser ein geografisk fordeling av landrasane i Noreg. I Noreg har innlandet flest avlskyr av landrasar med ca. 1100 avlskyr, mens Rogaland er på 5. plass med om lag 300 avlskyr. I 2020 søkte 34 føretak om produksjonstilskot til bevaringsverdige storferasar. Kartet viser kor desse føretaka er plassert. Rapporten frå Nibio kan du finne i lenkja til høgre.
Kart: Rapport frå Nibio
Kart: Temakart Rogaland, Statsforvaltaren i Rogaland
Skap matglede
Frode Selvåg hjå Ryfylkekokken sitt klare bodskap er å vera nøysam i matproduksjonen. Eit slakt er meir enn biff og kjøttdeig, og det er viktig å fremma at heile dyret skal brukast i matproduksjonen. Engasjer dei unge, involver dei unge og sats på dei unge for å utdanna morgondagens kokkar. Lær dei å sette pris på råvarar som skil seg ut, og lær dei å tilberede råvarene som fremmer smaken. Landrasar har den ypperste kjøtkvalitet sett i verdssamanheng i følgje anerkjende kokkar, og Selvikvåg oppfordra produsentar til å selje dyra med historia for å verdsette produkta.