Stor verdiskaping i landbruket i Rogaland!

Sau og lam på beite på Rennesøy.
Sau og lam på beite på Rennesøy. Foto: Geir Skadberg / Statsforvaltaren i Rogaland.

At landbruket i Rogaland er ei viktig næring blir stadfesta i ny verdiskapingsrapport. Samla verdiskaping frå landbruk og landbruksbasert industri var 9,7 milliardar kroner i 2022, ein auke på 21,6 prosent frå 2017.  

Publisert 03.12.2024

I ein ny rapport om verdiskapinga i landbruket og landbruksbasert verksemd i Rogaland, har Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) berekna verdiskapinga frå jordbruket til å vere om lag 4,2 milliardar kroner for 2022. Det er 21,6 prosent meir enn det som er berekna for 2017 (målt i 2022 kroner), rekna som bruttoprodukt. Det er Rogaland bondelag som har bestilt ny rapport frå NIBIO.

11 000 sysselsette i jordbruket og tilhøyrande industri

Sysselsettinga i jordbruket er berekna til 6 285 årsverk, noko som er 84 årsverk meir enn i 2017. Dette trass i nedgang i tal føretak. Verdiskapinga frå jordbruket har auka med heile 111 000 kroner per årsverk i perioden. Det betyr at færre bønder skaper meir verdiar, noko som igjen betyr at bøndene i Rogaland blir meir effektive. I industrien som er avhengig av jordbruket lokalt i Rogaland, er det for 2022 utrekna å vere 3 269 sysselsette. Estimert verdiskaping for denne industrien er på om lag 4,4 milliardar kroner. Til saman er over 11 000 sysselsette i landbruket og tilhøyrande industri. I tillegg kjem ytterlegare sysselsetting gjennom ringverknadane.

blobid0.png

Bonden kjøper varer og tenester for 5,8 milliardar

Dei totale kostnadane for jordbruket utanom veksthus er berekna til 7,5 milliardar kroner, av dette er 5,8 milliardar kroner kostnader til varer og tenester. Mange av desse tenestene som blir kjøpt av lokale verksemder, som ikkje kjem fram av sysselsettingstala frå landbruksbasert industri. Slik sett er jordbruket viktigare for sysselsetting og busetting enn det som kjem direkte fram av rapporten. Ikkje minst gjeld dette i våre distriktskommunar.

Mjølkeproduksjon – framleis ein motor i Rogalands-jordbruket

Mjølkeproduksjonen er svært viktig i Rogaland, sjølv om del av verdiskapinga frå Dagros går ned frå 45 til 37 prosent. Verdiskapinga frå mjølk er om lag på same nivå som i 2017, i ein periode der talet på mjølkekyr er redusert med over 1100. Dette er eit teikn på at politikken har effekt, at stimuleringa gjennom tilskotsordningar og mobiliseringsarbeid gjer at vi framleis har stabil mjølkeproduksjon i heile fylket.

Klar auke for svinehald

Svinehald har styrka sin posisjon vesentleg, med auke i verdiskapinga frå 437 til 659 millionar kroner. Svin står nå for 16 prosent av samla verdiskaping. Til skilnad frå dei andre produksjonane, utgjer dei offentlege tilskota til svinenæringa lite i høve til marknadsinntektene. Resultatet både når det gjeld fjørfe og svin er klart prega av svingingar i marknaden.

Verdiskapinga innan veksthusnæringa aukar mest

Veksthusnæringa styrkjer sin solide posisjon, og har tatt større del av den nasjonale produksjonen. Netto verdiskaping er utrekna til 493 millionar kroner i 2012, og 168 av dette er frå Klepp og 118 frå Stavanger. Næringa utgjer nå 12 prosent av verdiskapinga i jordbruket.

Rapporten og kommunebilete finn du vedlagt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.