Ny rettleiar til regelverk om plantevernmiddel

Mattilsynet har utarbeida ein ny rettleiar som gir oversikt over viktige krav som gjeld for dei som brukar plantevernmiddel, og for dei som produserar, importerar eller sel plantevernmiddel.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.06.2016

Nytt regelverk om plantevernmiddel tredde i kraft 1. juni 2015. I rettleiaren svarer Mattsilsynet på mange av dei mest vanlege spørsmåla omkring autorisasjonsbevis, funksjonstest av spreieutstyr, bruk og oppbevaring av plantevernmiddel.

Nye krav til føring av plantevernjournal

Med ny forskrift kom nye krav til føring av plantevernjournal;

  • Krav til sprøytejournal
  • Krav til journal om vern av vassmiljø
  • Krav til journal om integrert plantevern

Det er den som utfører sprøytinga som skal føre journalen. Leiger eit landbruksføretak inn entrepenørar som gjer jobben med sprøytinga, så er det entrepenøren som skal føre plantevernjournalen. Landbruksføretak som søkjer produksjonstilskot skal ha journalen tilgjengeleg på garden, og må vere budd på å vise den fram ved kontroll av produksjonstilskot. Journalen skal oppbevarast i minst tre år.

Informasjon om kva journalen skal innehalde finn de i rettleiaren

  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.