Spreiearealskjemaet er oppdatert
Skjemaet for utreikning av spreieareal for husdyrgjødsel er oppdatert.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 08.07.2018
Føretak som har og/eller disponerer husdyrgjødsel må sjølv sikre at husdyrgjødsla i praksis blir nytta som ein ressurs på godkjend spreieareal. Dette spreiearealskjemaet gir føretaka ei god skjematisk oversikt over tal gjødseldyreiningar (GDE) målt opp mot disponibelt spreieareal.
Søkjarar på produksjonstilskot må ikkje oppgi alle dyr ved søknad om produksjonstilskot. Alle dyra er likevel omfatta av krava til spreieareal. Planlagd bruk av husdyrgjødsel etter gjeldande lovverk på eigd og leigd spreieareal skal kome fram av den årlege gjødslingsplana.
Kontaktpersoner
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78