Endelege tilskotssatsar for regionalt mijøtilskot er sett
Tilskotssatsane for regionalt miljøtilskot er no låste, og bøndene kan vente seg utbetaling 14. mars. Det var i 2017 godt samsvar mellom økonomisk ramme og søknadar, og med unnatak av tilskot til skjøtsel av bratt areal er det ingen endringar i tilskotssatsane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Endra tilskotssats for bratt areal
Rogaland sin økonomisk ramme i 2017 var 32,5 millionar kroner. Dei førebelse tilskotssatsane som blei annonsert er gjort gjeldande med unnatak av tilskot til bratt areal. Her er satsen redusert med ei krone per dekar.
Her finn du oversikt over tilskotssatsar i 2017
Lurt å sjekke tilskotsbrevet
Alle som har søkt tilskot skal få svar på søknaden. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar tilskotet. Dei som har fått godkjend søknaden sin får vedtak om tilskot i "Min meldingsboks" i Altinn rett før utbetalinga 14. mars. Det blir ikkje sendt ut brev i papir. Vi anbefaler alle å sjekke tilskotsbrevet. Frist for å klage på vedtaket er 3 veker frå brevet er mottatt .
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66