Presiseringar i Regionalt miljøprogram
Her finn kommunal landbruksforvaltning einskilde presiseringar av Regionalt miljøprogram.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kulturlandskap. Ordningene i Lysefjorden, Suldal og Dyrskog og Ørsdalsvatnet.
Det kan bli gitt tilskot til både sau og lam. 1 sau/lam = 1 dyreeining. Når beitearealet skal teiknast inn, så skal berre jordbruksarealet inngå. Det ligger inne ei automatisk beitetrykksberekning. 1 sau må ha 2 dekar jordbruksareal.
Beiting i verneområda.
Det kan berre bli gitt tilskot til dyr som beiter på areal som ligg i Rogaland. Tilskotet kan bli gitt til både sau og lam. 1 sau/lam = 1 dyreeining
Areal m/spesielle verdiar
Tilskotet kan bli gitt til både sau og lam. 1 sau/lam = 1 dyreeining. Områda Lineholmane og Fjøløy fort skal vere med i områda der det kan bli gitt tilskot.
Beite i utmark.
Utegangarsau må vere over 1 år. Tilskot til storfe gjeld både vaksne dyr og kalvar.
Kystlynghei.
Det kan ikkje bli gitt tilskot til både dyr og areal på same område. Viss arealet dyra beiter på kjem fram med både verdi A og B i Naturbasen kan heile området bli rekna inn som A viss B- områda berre utgjer ein mindre del av beiteområdet. Dette er fordi det er ein del unøyaktige avgrensingar i Naturbasen. Tilskotet blir gitt til sau over 1 år (= 1 dyreeining) og ungdyr/vaksne storfe. 1 storfe= 3 dyreeiningar. NB! 1 ammeku er ikkje 5 dyreeiningar som i kulturlandskapsordningane.
Kulturminne
I ordninga :"Skjøtsel av gravminne" er 1 minne= 1 gravrøys/gravhaug/gravkammer/brannflakgrav/urnegrav/kistegrav/ (sjå definisjon i kulturminnelova). Ein ID i Askeladden kan innehalde fleire gravminne.
I ordninga "Skjøtsel av andre automatisk freda kulturminne" blir tilskotet utbetalt på grunnlag av tal dekar. Tal kulturminne skal også førast opp i søknaden. Her er det nok å skrive kor mange lokalitetar det er.
Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel.
Tilskot til bruk av slangeutstyr kan berre bli gitt viss det i tillegg er brukt utstyr for nedlegging/nedfelling. Areal som inngår i ein ugjødsla randsone/vegetasjonssone skal ikkje reknast med i arealgrunnlaget for tilskot.
Areal som det blir gitt tilskot til må liggje i nedslagsfeltet til utvalde vassdraga. Ligg delar av teigen i nedslagsfeltet skal heile teigen bli tatt med i grunnlaget for tilskot. Elvar og bekkar i Hå kommune + økologisk godkjend areal/karensareal skal vere med i områda der det kan bli gitt tilskot.