Søk om midlar til klima- og miljøtiltak i jordbruket

Nytt frå 2013 er at Fylkesmannen i Rogaland har 400 000 kr til prosjekt som kan bidra til å løyse våre klima- og miljøutfordringar knytt til jordbruket. Frist for å søkje er 15. mars.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.02.2013

Dei regionale midlane kjem i tillegg til nasjonale midlar, og erstattar fylkesvise informasjonsmidlar til miljø. Mindre, og meir lokalt tilpassa prosjekt vil bli prioriterert fylkesvis. For større prosjekt med nasjonal overføringsverdi tilrår vi at det blir søkt om midlar frå Statens landbruksforvaltning. Sjå www.slf.dep.no. NB! Frist for å søkje støtte frå nasjonalt klima- og miljøprogram er 15. februar.

Søknadar som støtter strategiar i Regionalplan landbruk om miljø- og klimatiltak i jordbruket vil bli prioritert. For 2013 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats
  • Prosjekt som kan belyse:
  • Situasjonen kring avrenning frå bruk av plansiloar i Rogaland
  • Avlingsnivå på areal dedet er etablert miljøavtalar
  • Kartlegging av behov for reinseparkar i nedslagsfelt til sårbare vassdrag

Fylkesmannen vil maksimalt gi tilskot inntil 70 % av prosjektet sin totale kostnadsramme. I særlege tilfelle kan det bli gitt tilskot utover dette.

Søknaden skal sendast per post eller e-post til:
Fylkesmannen i Rogaland
Landbruksavdelinga
Postboks 59 sentrum
4001 Stavanger 

E-post: fmropost@fylkesmannen.no

Søknaden må minst innehalde følgjande:

  1. Grunnopplysningar:
    1. Prosjekteigar: Namn, organisasjonsnummer, Adresse, postnr, poststed, kontonummer, telefonnummer og e-postadresse
    2. Kontaktperson: Namn på kontaktperson/ansvarleg for prosjektet
    3. Namn på eventuelle samarbeidspartnarar
  2. Prosjektet sin tittel
  3. Prosjektperiode
  4. Prosjektet sine mål, eventuelt delt inn i hovudmål og prosjektmål
  5. Prosjektomtale:
    1. Bakgrunn
    2. Kva skal gjerast og korleis tenkjer de å gå fram?
    3. Framdriftsplan
  6. Økonomi.
    1. Kostnadsoverslag
    2. Finansieringsplan

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.