Tid for å søkje tilskott til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel
I einskilde område kan bønder som brukar raskt nedmolding, eller utstyr med som legg ned eller skyt husdyrgjødsel ned i bakken innan 20. august søkje om tilskott.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Pilotprosjektet med tilskott til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel held fram uforandra i 2012. Frå 2013 vil ordninga bli innlemma i Regionalt miljøprogram.
I Rogaland gjeld tilskottsordninga i følgjande område (2012):
- Delar av Hå og Time kommune (areal som drenerer til Tværåna, Håelva og Saltåna),
- Delar av Hå og Time kommune (areal som drenerer til Tværåna, Håelva og Saltåna),
- Delar av Sandnes og Sola kommune (areal som drenerer til Skas Heigre, Storåna, Folkvordkanalen og øvre del av Figgjo)
- Delar av Klepp kommune (areal som drenerer til Skas Heigre)
- Delar av Gjesdal kommune (areal som drenerer til Figgjo)
- Heile Stavanger kommune
- Delar av Vindafjord kommune (Åmselva/Vatsvatnet, Vikedalselva, Øvstabøelva og Skjoldafjorden)
- Delar av Randaberg kommune (areal som drenerer til Hålandsvatnet)
Førebelse tilskottssatsar:
Direkte nedfelling i veksande kultur |
80 kr/daa |
Nedlegging i veksande kultur |
80 kr/daa |
Nedfelling i open åker og stubb |
50 kr/daa |
Nedlegging i open åker/stubb + nedmolding innan 2 timer |
50 kr/daa |
Spreiing med nedmolding innan 2 timer |
50 kr |
I mars blei det sendt ut søknadsskjema til dei føretaka som søkte om støtte i 2011. Skjema kan også lastas ned, sjå nedst på denne sida. Frist for å søkje er 20. august, og søknaden skal leverast til landbruksforvaltninga i kommunane. Søknaden må innehalde utfylt skjema og kart som viser omsøkt areal. Det er nok å bruke miljøvenleg metode ved ei av gjødslingane med husdyrgjødsel. Føretaka skal helst spreie husdyrgjødsla tidleg i sesongen og seinast 1. august på omsøkt areal. Søkjarane må føre oversikt over spreiedato, eventuelt tidspunkt for nedmolding, kva utstyr som er nytta og kva mengd gjødsel som er spreidd.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78