Tilskotssatsane for regionalt miljøtilskot er landa

God match mellom søknadsomfang og økonomisk ramme gjorde at Statsforvaltaren kunne lande dei førebelse tilskotssatsane som endelege. Med andre ord – ingen overraskingar for søkjarane om regionalt miljøtilskot i 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.02.2021

Rogaland disponerer 41,9 millionar kroner til Regionalt miljøprogram for søknadsomgangen 2020. Kommunane er nyleg ferdige med å behandle alle dei 1859 søknadane om regionalt miljøtilskot og 47 søknadane om tilskot til organisert beitebruk. Fredag 12. mars kan søkjarane vente pengane inn på konto.

Lurt å sjekke tilskotsbrevet

Tilskotsbrevet er kommunen sitt vedtak. Her ser søkjarane kva som er godkjend og eventuelt kva som ikkje er godkjend, samt om det er gjort trekk i søknaden. Dersom søkjarane meiner det er feil i vedtaket kan dei klage innan tre veker. Fristen løpar ifrå tidpunktet dei får tilskotsbrevet i sin meldingsboks i Altinn

Kva går pengane til?

Her ser de oversikt over kor mykje som går til dei ulike målområda i Regionalt miljøprogram. For å skjønne kor mykje midlar som går til tiltak for betre vasskvalitet, må ein sjå på både avrenning til vatn, tap til luft og Miljøavtalar. Miljøavtalar er ein frivillig avtale mellom bøndene og forvaltninga for å mellom anna minske fosforgjødslinga. Bak tap til luft ligg tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing som er eit tiltak for betre utnytting av husdyrgjødsla og som både direkte og indirekte kan gi positiv effekt på vasskvaliteten. Tala bak diagrammet finn du vedlagt

image7n9.png

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.