Hålandsvatnet – felles satsing for betre vasskvalitet
Statsforvaltaren i Rogaland, Randaberg kommune og Stavanger kommune er samde om å samarbeide i eit felles prosjekt for å betre vasskvaliteten i Hålandsvatnet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Heldigvis har det vore badekvalitet i Hålandsvatnet i heile sommar– sjølv om badevêret og minne om tidlegare års algesuppe kanskje ikkje freista til ein dukkert. Medan dei andre vassførekomstane i Jæren vannområde viser teikn til betring, har Hålandsvatnet peika seg ut i negativ retning. Mange er utolmodige, og vil ha raske resultat. Men det er grunn til å smøre seg med tolmod. Langvarig belastning frå jordbruk, avløp og anna aktivitet i nedslagsfeltet har resultert i svært fosforrike sediment. Første prioritert er å redusere dei årlege tilførslane som i dag overskrid toleevna til vassdraget.
Jordbruket er største påverkar, og Statsforvaltaren må på sikt vurdere å ta i bruk lokal forskrift etter jordlova for å regulere dyrkinga i nedslagsfeltet. Vi kjem her midt i skjeringspunktet mellom mål om matproduksjon og mål om vasskvalitet.
Statsforvaltaren, Stavanger kommune og Randaberg kommune er samde om å samarbeide i eit felles prosjekt som grip over både jordbruk, avløp og natur. Margit Reiersen er tilsett som prosjektleiar og starta hjå Statsforvaltaren (landbruk) 1. august. Saman med kommunane, bøndene og interesseorganisasjonane i området er vi i gang å etablere prosjektet.