Korleis legga til rette for ville pollinerande insekt?
Organisasjonen La Humla Suse har laga ein fin rettleiar med skjøtselråd og tips til tilrettelegging slik at eit mangfold av insekt kan trivast i eit moderne jordbrukslandskap.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Moderne jordbruksdrift har ført til færre pollinerande insekt i kulturlandskapet vårt. Både intensiv drift med bruk av plantevernmidler og gjengroing av areal er ei utfordring for insekta.
I rettleiaren er det mykje god informasjon om den jobben dei ville pollinatorane gjer for oss i jordbruksproduksjonen og dei utfordringane moderne drift gjev. Rettleiaren tar vidare for seg gode råd for skjøtsel og tilrettelegging slik at me kan ta vare på insekta i kulturlandskapet vårt.
La Humla Suse er ein organisasjon som jobber for å sikra humlenes levekår og spreia kunnskap om humler. Du finn mykje informasjon på nettsidene deira.