Webinar om skjøtsel av kantsoner langs vassdrag
Godt oppmøte og gode presentasjoner og diskusjonar oppsummerer webinaret om skjøtsel av kantsoner som blei heldt i slutten av september. Her blei regelverket om og erfaringar med kantsoner langs vassdrag presentert.
Torsdag 26. september blei det heldt eit webinar om skjøtsel av kantsoner langs vassdrag. Formålet med webinaret var å avklare kva ein kan gjere og ikkje kan gjere utan søknad når det gjeld skjøtsel av kantsoner langs vassdrag, og korleis ein går fram viss ein skal søke om å utføre inngrep i kantsoner.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) fortalde om si rolle i denne problemstillinga og presenterte regelverket. Statsforvaltaren fortalde om si rolle i behandling av søknadar om dispensasjon til inngrep i kantsoner. Sven-Kato Ege, vassområdekoordinator i Haugalandet vassområde, fortalte om deira prosjekt med å plante tre langs vassdrag.
Webinaret blei avslutta med ein gjennomgang av eksemplar av ulike kantsoner og problemstillingar knytt til desse.
Presentasjonane som blei heldt ligg vedlagt i høgremargen.
Kontaktpersoner
-
Margit Reiersen
Tlf: 51 56 87 76 -
Annette Fosså
Tlf: 51 56 89 20 -
Tonje Rostad Solhus
Tlf: 51 56 88 25