Jordbærgründarar til topps
Lena og Geir Joa som driv Joa Jordbær på Sola er verdige vinnarar av Bygdeutviklingsprisen 2015 for Rogaland. Dei har satsa hardt på eit nytt konsept for produksjon og på fornying av driftsapparatet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Verdig vinnar
Jordbærgründarane har i stor grad evna å bygge ei verksemd på ein forretningsmodell som utnyttar dei ressursane som er tilgjengelege på ein svært positiv måte. Joa Jordbær er bynært landbruk, og dei tek godt vare på den viktige rolla som bindeledd mellom forbrukarane og matproduksjonen.
Lena og Geir Joa er innovative og pådrivarar med stor gjennomføringsevne. Dei har fleire gangar teke grep og utvikla verksemda i takt med marknaden. Joa Jordbær er forbunde med tidlegbær, og dei har gått i front for å utvikle produksjonen. Saman med andre jordbærprodusentar i regionen og NIBIO Særheim (tidlegare Bioforsk) har dei utvikla eit dyrkingskonsept for å auke volumet tidleg i sesongen, samtidig som ein held på kvaliteten. Dette samarbeidet starta i 2008. I 2010 stod Lena og Geir ovafor eit vegval. I staden for å satse trygt og på nedbetaling av gjeld, blei det fokusert på å bygge ei verksemd som var berekraftig og som neste generasjon ønska å ta over. Etter ei omfattande investering på 10 millionar kroner, har dei auka omsetnaden monaleg frå 4,6 mill i 2010 til 7 mill i 2015.
Det stoppar ikkje der. No er dei i gang med å forlengje bærproduksjonen på hausten.
Joa Jordbær er mest kjend for gardsutsalet Jordbærtorget, men dei har og utsal på Amfi Madla og Jærhagen. Dei sysselset mange lokale ungdommar og utanlandske arbeidarar.
Prisen er eit diplom og kr 50000 som blei overrekt av fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal. Vinnaren er dermed kandidat til den nasjonale Bygdeutviklingsprisen for 2015.
Om prisen
Bygdeutviklingsprisen 2015 skal vere Landbrukets Næringspris i Rogaland. Den skal gi fortent merksemd til ein av dei dyktigaste bøndene i fylket. I tillegg til å gi heider og ære til ein prisvinnar, blir prisen brukt til å profilere Bygdeutviklingsmidlane og gi blest om denne forma for nyskaping og omstillingsarbeid i landbruket.
Kandidater er blitt vurdert etter følgjande kriteriar:
- Nyskaping/originalitet
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom
- Sosial og miljømessig berekraft, herunder bruk av lokale ressursar, fortrinn og ringvirknader i lokalsamfunnet