Barn lærer om nyttig styrearbeid

Kan ein 14-åring leie eit styremøte? Eller ta medansvar for å arrangere ein overnattingstur for 50 andre ungdommar? JA - i 4H kan dei det!

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.02.2013

Og korleis kan dei det? Jo, gjennom 4H sin hovudregel ”Å læra ved å gjera!”. Slik får ungdom heilt frå dei er 10 år moglegheit til å lære å meistre tillitsverv og samarbeid med andre. Ungdom får ta avgjersøer, sitje i klubbstyre, delta aktivt i planlegging og gjennomføring av arrangement der  vaksenpersonane kun hjelper til ved behov.

I 4H får barn og unge mellom 10 og 25 år opplæring i ulike styreverv. Det kan vere leiar, kasserar, sekretær, styremedlem og aspirantleiar. Helga 22.- 24. februar er det den årlege styrvervkurshelga der styrearbeid, årsmøte og 4H organisasjonen blir sett på agendaen.

Denne gong er Firekløveren 4H vertskap og helga blir arrangert på Gjesdal ungdomsskole. 144 4H-medlemmar frå heile Rogaland skal samlast til opplæring, årsmøte og sosialt lag. I Rogaland er det 41 klubbar, der styret består av dei unge som er valt inn til dei ulike verva. På årsmøtet er det medlemmane som vedtek budsjett, godtar handlingsplan og legg føringar for vidare arbeid.

Samstundes er vi heilt avhengige av vaksenpersonane. I 4H blir dei vaksne kalla for klubbrådgivarar - dei har ikke stemmerett, men skal fungere som rettleiarar og medhjelparar for styret og klubben. Ein slik samhandling mellom ungdom og vaksne gjør at ein gir ungdommane ein trygg arena å prøve seg på. Dei byggjer sjølvtillit gjennom å få ta ansvar og slik kjenne at dei meistrer. Dei får i tillegg kursopplæring i eigne verv, kursinstruktørutdanning på landsplan og blir deretter brukt aktivt i opplæringen av nye klubbstyrer - slik er det igjen ungdom som utdannar ungdom.

Vi ser også svært ofte at 4H-arar er aktive medlemmar i både politiske og kulturelle organisasjonar, og mange har leiarroller i alle typer føretak. Mange av desse seier at 4H har gjort dei i stand til å ta slike verv og stillingar. Lærer ein styrearbeid i ung alder, er det ikkje noko problem som vaksen å ta ei rolle i eit styre, eller ta ordet i ei stor forsamling.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Aktuelt

Kontaktpersonar

Synnøver Jørgensen, telefon 51 56 89 47

Monica Liaker,  telefon 51 56 89 48