Bli med på produsentkurs
Bondens Marked arrangerer kurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund. Her vil du få gode, praktiske tips om vare- og kundekommunikasjon, prissetting av varer og praktiske utfordringar på marknader.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bondens marked jobbar med å etablere eit fast tilbod i Rogaland. Første marknaden blei gjennomført på hausten i fjor og det er sett opp to nye marknader i 2018, i tillegg til kurs for interesserte produsentar.
Er du interessert i kurs og marknader, så ta kontakt med Anita Natvik:
anita@bondensmarked.no, 98 84 94 55
Produsentkurs
Egner seg både for deg som er heilt ny, og deg som har litt erfaring med direktesal.
Kursa er gratis.
Marknader
Det blir Bondens marked 6. juni i samband med Siddisdagene i Stavanger, og 16. september i samband med Miljødagen i Stavanger. Her finn du Invitasjon til marknadene.
Kvifor Bondens marked
Gjennom direktesal på Bondens marked kan fleire bønder styrke inntektsgrunnlaget på garden, samtidig som norske forbrukarar blir introdusert for eit større produktmangfald. Det har ført til at mange bønder nå satsar på småskalaproduksjon, både av gammel tradisjonskost og innovative mat- og drikkeprodukt. Ved å kutte ut mellomledda, sit bonden igjen med ein større del av verdiskapinga, og forbrukarane kan få spesialprodukt til ein rimelegare pris enn om maten skulle vore innom mange ledd i matvarekjeden.
Ta gjerne ein titt i Bondens marked si handbok for produsentar.