Det finst ikkje avfall, berre restverdi

Eirik Selmer-Olsen, konserndirektør FoU i TINE, peikar på at landbruket nå gjer tydelege prioriteringar når det gjeld ressursutnytting. TINE har sterkt fokus på berekraft, med ambisjon om 100 % ressursutnytting.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.03.2018

På den landbrukspolitiske konferansen i Stavanger 19. mars kunne Selmer-Olsen fortelje om spanande satsing innan bioøkonomien. Landbruket må sjå på alle restprodukt som ein ressurs, og her må det tenkjast på tvers av verdikjeda.

Vi står føre eit viktig vegval

Det ligg store verdiar i biomasse og biologiske fornybare ressursar, og vi importerer i dag store mengder fôrråstoff både til blå og grøn sektor. Ved bruk av bioraffinering kan vi truleg hente langt meir av dette råstoffet innanlands. Husdyrgjødsla må i større grad foredlast som ein viktig ressurs, både i form av energiproduksjon og som gjødsel. Selmer-Olsen framheva at vi må våge å endre kurs, og at vi «ikkje må senke farten i sporskiftet».

Bionærprogrammet viktig verkemiddel

Selmer-Olsen er styreleiar i BIONÆR-programmet i Norges Forskningsråd, eit viktig verktøy for å sikre berekraft i dei landbaserte bionæringane. Her vil det vere mogleg å få støtte til utviklingsprosjekt knyta til god ressursforvaltning.

Det finst altså ikkje avfall, berre restverdi!

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner