Er tida moden for Bondens Marked i Rogaland?

Mat og reiseliv i Rogaland har fått ein skikkeleg boost dette året og er på stigande kurs. Forbrukarane har lenge etterspurt meir lokal mat og da er det vel på tide å innfri ønsket om betre tilgang og meir mangfald.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.07.2017

Lokalmatentusiastar inviterer til informasjonsmøte om Bondens Marked hos Fermenten på Storhaug i Stavanger 29. august kl 19.00.

Bondens Marknad Norge vil mellom anna informere om vilkåra for å vere under deira paraply.

Vil du vere med og sjå om dette kan vere noko for deg og dine produkt innan mat og drikke?

Tid: tysdag 29. august, kl 19.00.

Stad: Fermenten (gamle Mathallen), Ryfylkegata 13, 4014 Stavanger

Påmelding: innan 22. august til randi@bondensmarked.no

Matbit blir det òg!

Arrangørar: Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag, Klostergarden, Stavanger ysteri, Stavanger Sentrum og Bondens Marked Norge.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.