Heiderspris til Brit Ane og Jarle Haugsland
Rogaland landbruksselskap sin heiderspris er for 2012 er tildelt Brit Ane og Jarle Haugland frå Suldal. Prisen blir delt ut under Landbrukskonferansen i Sandnes 5. mars.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Brit Ane og Jarle Haugsland er dyktige bønder som driv garden Østerhus i Erfjord. Her driv dei mjølkeproduksjon med 24 mjølkekyr og dei har 80 purker for smågrisproduksjon. Garden er på omlag 1500 dekar der omlag 60 dekar er fulldyrka. I tillegg paktar dei 4 gardar.
I ei tid der mange bruk går ut av produksjon har dei valt å satse på landbruket. Dei er og aktive og engasjerte i lokalsamfunnet. Brit Ane og Jarle Haugsland er særs gode representantar for landbruksnæringa i Rogaland.
Heidersprisen er eit dipolm utforma av Rita Aase Austvoll, Sandnes og ein stilisert gjerdeklyvar i bronse som er laga av metallkunstnar Lise Birkeland, Stavanger. Det er Rogaland landbruksselskap som står bak prisen.