Invitasjon til Urfe-samling

Vestlandsk raudkolle og vestlandsk fjordfe er lette rasar som egnar seg spesielt godt til beiting i kystnære strøk, og er derfor ein viktig ressurs for å sikre eit ope kulturlandskap. Har du interesse for urfe og beiting, så bli med på seminar på Bryne vidaregåande skule laurdag 26. mai.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.04.2018

Målsettinga med samlinga er å inspirere eksisterande og potensielle nye produsentar til å auke tal mordyr og oksar, styrke nettverket mellom produsentane, styrke bruken av beiting og setring, og identifisere rådgivarar. Urfe SA som er eit medlems- og utviklingsselskap inviterer til seminar. Tema på seminaret blir fôring, økonomi, bruk av beite, samt eit gardsbesøk.

Frist for påmelding er 14. mai, og deltakaravgifta er 400 kr. For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med:

Ola Hammer Langleite i Urfe SA: e-mail : Ola.langleite@kvamssida.no eller tlf 91609081.

Fleire av dei verneverdige storferasane er utryddingstrua og det er Norsk genressurssenter (NIBIO) som har det overordna ansvaret for vern og berekraftig forvalting av nasjonale husdyrrasar. Kjøt frå urfe blir promotert som eksklusivt kjøt frå dei seks norske, verneverdige mjølkeferasane. Det blir drive ein meir ekstensiv drift i denne produksjonsforma enn i konvensjonell mjølk—og kjøtproduksjonen, med meir bruk av gras og høy i fôrrasjon og mindre bruk av kraftfôr.

I følge NIBIO veks bevaringsverdige storferasar 200 – 300 g saktare pr dag enn Norsk rødt fe. Dyr som veks saktare har tynnare og finere muskelfibrer, og meir intramuskulært fett enn dei som veks raskt. Det blir arbeida aktivt med å bygge opp buskap. Mordyra blir derfor eldre enn vanlege mølkekyr. Både det at dyra veks saktere og at kyrne blir eldre, verkar positivt inn på kjøtkvaliteten.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.