Klar distriktsprofil i bruken av investeringsmidler hos Innovasjon Norge!
Vi har motteke statusrapport frå Innovasjon Norge, der det kjem fram at 76 % av midla er løyvd til prosjekt utanom Jæren. Det har vore stor etterspurnad etter midlar og er løyvd 47 millionar til 103 prosjekt. Om lag 10 % av midlane er løyvd til fruktsatsing. Det er lite etterspurnad etter midlar knyta til nye landbrukstilknytta næringar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Innovasjon Norge har i oppdrag å rapportere om status i bruk av midlane, og vi har nå motteke ferske statustal som stadfestar at løyvingane er gjort i tråd med den regionale strategien.
Stor investeringslyst i landbruket
Rapporteringa stadfestar at det er stor investeringslyst i Rogalandslandbruket, og at det difor er nødvendig med ei streng prioritering av midlane. Det var kjend tidleg i vår at det ville vere langt mindre midlar enn etterspurnaden. Investering i nybygg for ammekyr har hatt størst auke frå 2016, frå 12 % til 27 % av midlane.
Fruktdyrking ein suksess
Om lag 10 % av midlane er løyvd til investeringar i fruktproduksjon, noko som er i tråd med strategien for dette året. I dette inngår også støtte til investeringa i fruktlageret i Årdal som nyleg er opna.
Ikkje søknadsfrist i haust
Det var i 2016 to fristar for å søkje om midlar hos Innovasjon Norge, og det var lagt opp til same regime for 2017. Det er nå bestemt at det ikkje blir søknadsfrist nå til hausten. Samstundes er det slik at det er svært avgrensa midlar igjen, og dei som søkjer i haust må vere førebudde på å vente til 2018 før søknadane blir endeleg behandla. Meir informasjon kan du finne på nettsida til Innovasjon Norge Rogaland.
Rapporten frå Innovasjon Norge finn du i høgremargen.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13