Konklusjon etter fagmøte: vi treng fleire poteter!

NLR Rogaland inviterte til fagsamling om potet på Bryne 6. desember. Oppslutninga var bra, med over 30 engasjerte deltakarar.  Under samlinga fremheva Jæren potetpakkeri og Hoff at vi treng fleire i regionen som satsar på potet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.12.2017

Potetstatus i Noreg og Rogaland

Rogaland har hatt avling langt under normalen, også i Trøndelag er volumet noko lågare enn vanleg. I Hedmarken har været gitt bra innhaustingsforhold og avlinga har vore god. Totalt sett i Noreg er potetavlinga på same nivå som i 2016, informerte Bjørn Eidhammer frå Grøntprodusentenes Samarbeidsråd om. I Rogaland derimot ble ikkje alle poteter tatt opp på grunn av regnværet, Arne Vagle ved NLR Rogaland anslår at opptil 15-20 prosent står igjen.

Potetmottaka ønsker meir Asterix og Fakse

Leif Tore Sveinsvoll frå Jæren potetpakkeri kunne melde at dei ville gå tom for potet tidleg i sesongen, på grunn av lågt volum. Viare melder dei om opning for auka produksjon av Asterix. Halvor Alm frå Hoff oppfordrar produsentane å førebygge vekstsprekk. Om lag 15 prosent av leverte potet til Hoff på Klepp stasjon har vekstsprekk, med det ligg Jæren over gjennomsnittet for Hoff sine skrelleri. Knollane blir ikkje sortert ut, men treng fleire omgangar med skrelling. Det aukar svinn og fører fort til propp i skrelleprosessen. Mot grøne potetar, som er den hyppigaste feilen, anbefaler Alm å vere nøye med å hyppe. Hoff vil gå over frå Folva til meir Fakse og ønsker å ta imot fleire poteter frå Jæren.

Nytt om nye sortar

Nokon produsentar har testa ut dei nye sortane Nansen (lagringspotet med raude skal) og Hassel (tidlegpotet med gule skal) for første gang i år. Dei første erfaringane med Hassel visar dei fort blir brune etter vaskinga og bør derfor omsettjast raskt. Det er forventa større etterspørsel av settepoteter av Nansen i 2018, enn det er tilgjengeleg. Nansen er veldig sterk mot tørrote og sterk mot sølvskurv, og dermed også bra egna for økologisk dyrking. Ein annan ny sort som er veldig sterk mot tørrote er lagringssorten Carolus. Carolus vil bli pakket mykje for sal i hagesenter, som kan hjelpe å minske spreiinga av tørrote gjennom kjøkkenhagar. Carolus dannar heller lite ris, som kompliserer ugreasbekjempinga då ugraset slepp lett til.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.