Landbruksutdanning blant gardbrukarar

I samband med den store landbruksteljinga som blir utført kvart tiande år, har Statistisk sentralbyrå publisert tal over gardbrukaren si utdanning.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.03.2012

I alle fylka har prosenten med landbruksutdanning blant brukarar gått opp.1 I gjennomsnitt auka nivået for landbruksutdanning frå 38% i 1999 til 44% i 2010. Nord-Trøndelag og Østfold er dei fylka med størst prosent med landbruksutdanning i landet: over 45 % i 1999 og over 52 % i 2010.

Prosent med landbruksutdanning i Noreg (1999-2010)

I Rogaland steig prosenten frå 40 % til 44 % i same periode og ligg med det rundt landsgjennomsnittet. Prosenten med landbruksutdanning blant brukarar har stege i alle regionar, men mest i Ryfylke.

Prosent med landbruksutdanning i Rogaland (1999-2010)

Viss vi ser nærmare på kva slags utdanning gardbrukarar i fylket vårt har 2, så hadde dei fleste (33 %) 1-årig landbruksutdanning, grunnkurs på vidaregående nivå. 11 % av brukarane hadde landbruksutdanning på vidaregåande nivå og 1 % hadde landbruksutdanning på universitets- eller høgskolenivå. 56 % av brukarane hadde altså ikkje landbruksutdanning.

Utdanningsnivå blant gardsbrukarar i Rogaland 2010

I Noreg i 2010 var det òg 56 % utan fullført landbruksutdanning, medan 28 % hadde utdanning på grunnskolenivå. 13 % hadde landbruksutdanning på vidaregåande skolenivå og 3 % på universitet eller høgskolenivå. Blant dei andre fylka i landet var det størst prosent utan landbruksutdanning i 2010 i Finnmark og Vest Agder (hhv 70 % og 68 %). Høgaste prosent med landbruksutdanning på universitets- eller høgkulenivå fantes i Østfold, Akershus, Hedmark og Buskerud kor 4 % av brukarar hadde det.


1 SSB 09126 Jordbruksbedrifter med personlig brukar, etter landbruksutdanning til brukar og ektefelle/sambuar (K)
2 SSB tabell 09123 Jordbruksbedrifter med personleg brukar, etter landbruksutdanning til brukar og ektefelle/sambuar (F)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.