Med viten og vilje

Vitengarden Jærmuseet er ein av Noregs viktigaste formidlarar av grøn naturvitskap, og viser vilje til å sette framtidsaktuelle tema på dagsorden.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.06.2017

Vitensenteret midt i matfatet

Vitengarden er «vitensenteret midt i matfatet». Utstillingar og formidling på Vitengarden tar utgangspunkt i dei grøne naturvitskapane, jærlandskapet, jordbruk, mat, energi og miljø. Her finn vi mellom anna Noregs største samling av historiske landbruksmaskinar. Vitengarden har i mange år vore ein 4H-gard.

 Vitengarden på Nærbø.

Heile 54 000 gjestar besøkte Vitengarden i 2016. Vitengarden byr på så mangt, for her er maskinar og traktorar, hestar, kyr, grisar, lam, høner, Jærhøner, potetåker, hesjer, volleyballbane, grilling, servering, turløyper og finurlege installasjonar som viser korleis ulike råstoff overførast til energi. Alt er lagt opp til at du som gjest skal aktiviserast gjennom lek og interaktiv læring. Gjennom «å læra me å gjera», som å mate kua og å lage biogass av blandingar av husdyrgjødsel og andre råstoff, skapast interesse for dei grøne verdiane.

Biogass frå husdyrgjødsel – framtida på Jæren?

I følgje Vitengarden blir det kvar dag produsert 3 millionar liter lort på Jæren. I berekninga er både skit frå menneske og dyr tatt med. I den nye utstillinga om biogass illustrerer Vitengarden kor store mengder dette er ved å «fylle opp» Høghuset på Bryne med sine 16 etasjar. Det tar berre 9 dagar før huset er fullt.

Frå Biogassutstillinga til Vitengarden.

Husdyrgjødsla er ein viktig ressurs som kan brukast på forskjellige måtar. Direkte på åker og eng, eller som foredla vare. Vi kan også bruke husdyrgjødsla til å lage biogass ved å la den gjennomgå ei nedbryting utan luft, såkalla anaerob utråtning. Biogassen kan brukast til oppvarming av veksthus, bygningar, offentlege anlegg eller som drivstoff i transportssektoren. Separerast husdyrgjødsla i forkant, kan den faste delen av husdyrgjødsla som ikkje blir til biogass, bli til konsentrert og luktfri hagegjødsel som kan brukast i staden for importert vare.

Foredling av husdyrgjødsel er lite utvikla i Rogaland og elles i Noreg. Det heng saman med utvikling av marknaden og teknologi, samt høge investeringskostnader. Vitengarden dokumenterer behovet for å gjere noko med tanke på miljøet. og at det er stort potensiale i bondens gull utover bruk som gjødsel på åker og eng.

Fakta

Vitengarden er ein av 13 avdelingar under Stiftinga Jærmuseet. Totalt var det 209 000 gjestar ved Jærmuseet i 2016.

Heimesida til Vitengarden finn du her

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.