Mjølk- og storfekjøtbøndene hentar mest midlar frå Innovasjon Norge

Nær 32 av 41 millionar kroner av landbruket sine investeringsmidlar i Rogaland (IBU-midlane) i 2016 gjekk til byggeprosjekt for storfe og mjølkekyr. Dette er ein auke på om lag 22 prosent frå året før.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.03.2017

Dette er ønska politikk og i tråd med prioriteringane som den regionale partnarskapen har blitt einige om, med meir midlar til grovfòrbaserte produksjonar og til distrikta.

Prioriteringar

Tildelte midlar speglar ikkje behovet for investeringsmidlar i Rogaland, og slik har det vore i mange år. Denne situasjonen tok partnarskapen inn over seg og gjennomførte ei tøffare prioritering for 2016 på innsatsområda. Kraftfòrbaserte produksjonar har ikkje fått midlar sidan byrjinga på 1990-talet. På grunn av overproduksjon av sauekjøt, blei sauehus teke ut av prioriteringslista for 2016.

Desse tre hovudområda blei prioriterte for 2016:

1. Grovfòrbaserte produksjonar som storfe og mjølk

2. Gjødsellager

3. Fruktproduksjon

Resultat

I 2016 gjekk 65% av alle IBU- midlar til mjølkefjøs. Dette er meir enn i 2015, da tilsvarande tal var 48%. Tilsvarande tal for ammekuprosjekt var 12% i 2016, mot 7,3% i 2015. Altså ein auke frå 55% til 77% til mjølk og storfe.

Eitt av måla var at 70% av midlane skulle gå til distrikta og 30% til Jæren som omfattar Time, Hå, Klepp, Randaberg, Sola, Sandnes, Stavanger og delar av Gjesdal. Resultatet blei 63,8% til distrikta og 36,2% til Jæren.

Det var og semje i partnarskapen om at distrikta skulle få høgare utmåling. Resultatet for 2016 viser at mjølkeprosjekt i distrikta har fått høgare utmåling (13,8%) enn mjølkeprosjekt på Jæren (7,4%). Snitt tilskot er kr 887 000 for distrikta og kr 567 000 for Jæren.

For meir informasjon, les rapport om bruken av midlar til utgreiing og tilrettelegging, og om bruken av midlar gjennom Innovasjon Norge, i Rogaland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.