Ny godkjenningsordning for Inn på tunet, ny logo og ny nasjonal nettstad

Ei godkjenningsordning for Inn på tunet-gardane er no på plass. Det blir viktigare for kommunar og andre å etterspørje kvalitet i tilboda. Det er stiftinga Matmerk som forvaltar godkjenningsordninga, og dei har i tillegg fått ansvaret for å drifte ein ny nasjonal nettstad for Inn på tunet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.03.2013

Betre kvalitetssikring av Inn på tunet med eiga godkjenningsordning
Eit kvalitetssystem og ei godkjenningsordning for Inn på tunet (IPT) er no på plass. Det skal sikre tryggleik og kvalitet for både kjøparane av Inn på tunet-tenestene, dei som får tilboda og for gardbrukarane. Kvalitetssystemet blir forvalta av Matmerk, som er ei uavhengig stifting oppretta av Landbruks- og matdepartementet. Matmerk arbeider blant anna med kvalitetsstyring av norsk matproduksjon, og har utvikla ulike kvalitetskrav (KSL-standardar) i høve til dei forskjellige produksjonane i landbruket. (KSL = Kvalitetssystem i landbruket) .

I Matmerk sin KSL-standard nr 11, ”Inn på tunet”, finst det ei sjekkliste og ein rettleiar for IPT-verksemder.  KSL-standard nr 1 gjeld generelle krav til garden og må vere på plass på alle norske gardsbruk. Sjå http://www.matmerk.no/matmerk/ksl. For IPT-godkjenningsordninga følgjer også eigen prosedyre. 

Ny nettstad for Inn på tunet
Den gamle nettstaden for Inn på tunet som var drifta av Norges Vel er no nedlagt. Matmerk har fått ansvaret med å drifte den nye nettstaden http://matmerk.no/inn-pa-tunet/ saman med godkjenningsordninga. Denne nettstaden er under oppbygging, og det endelege domenenamnet er ikkje bestemt. Nettstaden vil ha ein open database over godkjende tilbydarar og kva tenester dei kan tilby. I tillegg skal nettstaden vere ein kunnskapsbase for både tilbydar- og kjøparsida.

Den offisielle Inn på tunet definisjonen er:
"Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel.
Gardsbruk er ein eigedom som nyttast til jord-, skog- eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der."


Denne  definisjonen er både avgrensande og inkluderande i sin ordlyd. Den er avgrensande i høve til at Inn på tunet skal vere knytt opp til eit gardsbruk, men likevel vid då omgrepet gardsbruk er vidt definert og ikkje har noko krav til omfanget av jord-, skog- eller hagebruksdrifta.

Godkjenningsordninga for IPT-tilbydarane inneber følgjande:
 
- Verksemda må vere i samsvar med den offisielle Inn på tunet definisjonen.
- Tilbydaren må tilfredstille krava i KSL-standard 1 (Generelle krav til garden) og standard 11 (Inn på tunet).
- I tillegg er det ein eigen godkjenningsprosedyre som inneber gardsbesøk og oppfølging frå ein KSL-revisor frå Matmerk.

Når tilbydarane er godkjende av Matmerk, kan dei nytte omgrepet Inn på tunet og den nye IPT-logoen, som no er patentverna.

Førebels er det ca. 30 reviderte og godkjente IPT-tilbydarar i Rogaland, men fleire er i prosessen.

Kurstilbod - ”Inn på tunet – kvalitet og tryggleik”
For å gjere det enklast mogleg for IPT-tilbydarane å få på plass kvalitetssystemet er det utvikla eit eige kurs "Inn på tunet - kvalitet og tryggleik". Dette er eit 12 timers kurs med lærar, og det er Landbrukets HMS-teneste som er fagansvarleg for kurset. Landbrukets HMS-teneste er landbruket si eiga bedriftshelseteneste, og arbeider med HMS-spørsmål (Helse-, Miljø-, Sikkerheit). Bransjeorganisasjonen ”Inn på tunet – Rogaland” www.ipt-rogaland.no tilbyr dette kurset til sine medlemer for ei rimeleg kursavgift.

Målet med kurset er:
·         IPT-tilbydaren skal kunne bruke kvalitetssystemet som dokumentasjons- og forbetringsverktøy i eiga verksemd.
·         Kunne gjennomføre eigenrevisjon, avdekke avvik, vurdere risikofaktorar på garden og utarbeide tiltaksplan for nødvendige utbetringar.
·         Ha god forståing for etiske og moralske utfordringar ved eige tilbod.
·         Kunne vurdere sin eigen rolle i tilbodet.

Hovudmålgruppa for kurset er IPT-tilbydarane, men representantar for bestillar/kjøparsida vil også kunne ha stor nytte av kurset. For kjøpersida er det viktig å kjenne til kvalitetssystemet da det vil gjere det lettare å spesifisere krav i høve til dei aktuelle brukargruppene som skal vere på gardane.

Viktig å etterspørje kvalitet og godkjenning! 
Fylkesmannen meiner det er svært positivt at Inn på tunet-næringa no har fått eit eige kvalitetssystem og ei godkjenningsordning. Det blir difor viktig for kommunane, NAV m.fl. som kjøper IPT-tenester, å etterspørje at tilbydarane har kvalitetssystemet på plass, og at IPT-gardsbruka er godkjende av Matmerk. 

For nærare informasjon
 om  Inn på tunet, avtale om møte eller kommunebesøk på annan måte,
kontakt vår medarbeidar Bjørn S. Berg bjorn.s.berg@fylkesmannen.no , tlf 51568993, mob 90562906. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.