Nye retningsliner for tilskot til kompetanse og rekruttering i landbruket
Dei nye retningslinene frå Rogaland fylkeskommune favoriserer jord- og hagebruk.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regionalpolitikarane i fylket vedtok på nyåret nye retningsliner for tilskot til kompetanse og rekruttering i landbruket. Midlane kjem frå Jordbruksavtala som er framforhandla av Landbruks- og matdepartementet, Norges bondelag og Norges bonde- og småbrukarlag.
Rogaland fylkeskommune har ei ramme på 1,6 mill kroner til disposisjon i 2017. Potten er delt i to der 1,0 mill kroner blir lyst ut i ein søknadskonkurranse i januar månad, og skal brukast til større kompetanse- og utviklingsprosjekt. «Lillepotten» på kroner 600 000 blir tildelt etter søknader i løpet av året, og skal brukast til mindre kompetanse- og rekrutteringstiltak. Det er retningsliner knyta til «Lillepotten» som no er blitt justerte.
Føremål
Midlane skal brukast til å styrka rekrutteringa og kompetansen i jord- og hagebruket i heile Rogaland. Midlane skal først og fremst gå til rekrutterings- og kompetansetiltak som styrkar jord- og hagebruket. Dette er i samsvar med Regionalplan landbruk der rekruttering og kompetanse er ein av hovudstrategiane for å få til eit aktivt og livskraftig matproduserande landbruk i heile fylket.
Kven kan søkje
Næringsorganisasjonar i landbruket, friviljuge lag og organisasjonar i landbruket, landbruksrådgjevinga, samvirka i landbruket, rekneskapslag, kommunane, næringshagar og dei landbruksbaserte naturbruksskulane.
Kontaktperson i Rogaland fylkeskommune:
Sissel Bakke, sissel.bakke@rogfk.no
Tlf. 51 51 66 23