Stø kurs for bruk av bedriftsretta landbruksmidlar

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet har i tildelingsbrev for 2017 gitt Fylkesmannen i Rogaland i oppgåve å formidle strategisk bruk av bedriftsretta landbruksmidlar. Midlane blir forvalta av Innovasjon Norge, og skal bli brukt til å støtte investeringar i landbruket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.02.2017

Vi registrerer aukande vilje til investering i Rogalandslandbruket, og det er stor kamp om investeringsmidlane. Det er semje i den regionale partnarskapen om å vidareføre hovudtrekka i strategien for 2016. I dette ligg at midlane blir brukt strategisk, og slik at vi i størst mogleg grad når hovudmåla midlane skal vere med å oppfylle:

  • Eit variert og aktivt landbruk i heile fylket
  • Landbruket i Rogaland skal halde oppe husdyrproduksjonen i sentrale område og styrke husdyrproduksjonen i distrikta
  • Mjølkeproduksjonen i distrikta blir vidareført med minst same volum som i 2010
  • Auka beitebruk
  • Positiv effekt på miljø og klima

Storfe har prioritet

Prioriteringa av storfeproduksjon ligg fast. Det inneber vidareføring av praksis om at tilskot til kraftfôrbaserte produksjonar og tilskot til bygging av nye sauehus ikkje er prioriterte. Satsinga på frukt blir vidareført. For nye landbruksbaserte næringar er det særleg fokus på mat og kombinasjonen mat og reiseliv. Arbeidet med å betre vasskvaliteten held fram gjennom vidareføring av tilskot til gjødsellager på gardsbruk i nedslagsfelta til prioriterte vassdrag.

Søknadsfrist 1. mars

For å få ei mest mogleg effektiv og rettferdig saksbehandling er det også i 2017 søknadsfrist 1. mars. Om det blir behov for søknadsfrist til hausten blir avklart i den regionale partnarskapen før sommaren. Meir informasjon om aktuelle støtteordningar til landbruk finn du på Innovasjon Norge si nettside.

Oppdragsbrevet finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Dokumenter