Stopp spreiinga av smittsame storfesjukdommar

Storfeprodusentar i Rogaland inviterast til informasjonsmøte om smitteførebygging.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.11.2017

Det gjennomførast ein større informasjonskampanje med fleire titals møte rundt om i Rogaland i regi av husdyrnæringa sine eigne organisasjonar. Her finn du  invitasjonen til sju av møta.

Prosjektet «Stopp spreiinga av smittsame sjukdommar inkl. digital dermatitt» er eit Rogalandsprosjekt og blei starta vinteren 2017 på bakgrunn av at digital dermatitt (DD = klauvsjukdom) spreiar seg i storfebesetningar og at dette skaper store problem for næringa både driftsmessig og økonomisk. Utfordringane med DD, BRSV og BCoV, og andre sjukdommar har bygd seg opp sidan starten på prosjektet og organisasjonane i landbruket står derfor samla om:

«Vi må gjere noko med haldningar og kunnskapsbygging innan temaet smitteførebygging».

Bak dette prosjektet står ei samla husdyrnæring med alle slakteri og meieri i Rogaland, samt dei respektive produsentlaga, TYR, Klauvskjerarlaget, Veterinærforeininga, Mattilsynet og Fylkesmannen i Rogaland.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.