Stor interesse for massivtre
120 personar deltok på omvisninga i det nybygde massivtrefjøset hos Arnfinn Auestad 18. februar 2013. Sauefjøset er 400 kvadratmeter og har plass til 240 sauer. Både vegger og tak er bygd i 10 cm tjukk plank levert av det nystarta Rogaland Massivtre as.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Arnfinn Auestad brukte Internett for å leite etter alternative måtar å bygge sauefjøs på. Gjennom Lars Slåttå hos Fylkesmannen fekk han vite at det skulle vere eit saufjøsmøte i Bjørheimsbygd i desember 2011. Han deltok på møtet og vart inspirert av foredragshaldaren, Ola Øyen frå Landbruksbygg i tre, og dermed byrja snøballen å trille.
Grunnarbeidet starta sist sommar og no i vinter flytta sauene inn. Om lag 80 kubikkmeter med tømmer er nytta i arbeidet. Fjøset er kostnadsrekna til 2.1 mill. kroner, og det er mellom anna finansiert gjennom Innovasjon Norge.
Eit sauhus i tre er stillare, gir mindre lukt, har betre arbeidsmiljø for bonden og dyra enn eit tradisjonelt saufjøs. For mange bønder betyr det også mykje å få nytte eigen skog.
Etter omvisninga var det foredrag om Landbruksbygg i tre på Veveriet på Ålgård. Etter møtet ønska fem bønder å vurdere trefjøs både for sau og kyr.
Arrangørar var Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke, Gjesdal kommune, Rogaland Sau og geit, Fylkesmannen i Rogaland, Tredrivaren i Rogaland og Rogaland massivtre as.
Lenkje til artikkel i Aftenbladet
Foto: Kari Sand