Turoperatørar opplever gardsturisme

I samband med Norwegian Travel Workshop (NTW), Noregs største messe for reiseliv, har HANEN Rogaland invitert til ein tre dagars guided busstur med mange stopp. Deltakarane kan sjå, smake og høyre om den lokale matproduksjonen, og vere med på aktivitetar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.04.2018

Plassene dei skal besøke er:

  • Smiegarden kultur- og gjestehus
  • Sirdal huskyfarm
  • Byrkjedalstunet
  • Lysefjorden sjokolade
  • Grønvik gard
  • Mo laksegard
  • Allmannajuvet
  • Nesheimtunet
  • Utstein kloster
  • Klostergarden gardsbutikk

Undersøkingar viser at turistar etterspør i større grad unike opplevingar, samtidig som turoperatørane ønsker pakkeløysingar som dei kan tilby sine kundar. Fylkesmannen meiner at dette er eit flott program som viser fram lokalmat, opplevingar og variasjonen i landskapet og landbruket. I tillegg underbygger turen samarbeidet og nettverket HANEN står for, og bidrar til framtidig nettverkstenking. Turen har fått støtte gjennom utgreiings- og tilretteleggingsmidlar.

Turen varer frå 13. - 15. april, medan fagmessa «NTW» er frå 16.-19.april i Stavanger.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.