Høyring av Regionalt bygdeutviklingsprogram

Fylkesmannen  legg revidert Regionalt bygdeutviklingsprogram ut på open høyring. Frist for å kome med innspel er måndag 26. november. Programmet gir føringar for mellom anna regionalt miljøtilskot, midlar til investering og støtte til skogbruket i Rogaland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.11.2018

Regionalt bygdeutviklingsprogram skal følge opp nasjonal landbrukspolitikk og gi overordna føringar for dei økonomiske verkemidla:

  • Regionalt næringsprogram
  • Regionalt miljøprogram
  • Regionalt skog- og klimaprogram.

Programmet er forankra i det regionale partnarskapet, og har god kopling mot regionale planar og strategiar.

Høyringsinnspel sendast til e-postadressa: fmropost@fylkesmannen.no innan måndag 26. november.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.