Landbruket på Haugalandet har potensiale for auka verdiskaping

Dette kom fram under eit mobiliseringsmøte i Aksdal 5. september. Møtet samla ei brei gruppe av aktørar som fekk høve til å kome med innspel til kva utviklingspotensiale som er innan landbruk og nye næringar på Haugalandet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.09.2018

Fylkesmannen tok initiativ til møtet ut frå erfaringa med at vi har registrert at det er mindre aktivitet og færre utviklingsprosjekt retta mot landbruksnæringa på Haugalandet enn i dei andre tre regionane i fylket.

Døme på tema som var framme i møtet:

  • Matproduksjonen vil alltid vere viktigast
  • Potensiale for satsing på frukt og grønt
  • Matspesialitetar og reiseliv står sentralt i ny satsing
  • Klima- og miljøutfordring skaper ny næring – eksempel bioenergi
  • Dyre- og plantehelse blir viktig fokusområde

Vi håpar at møtet resulterer i nye utviklingsprosjekt innan dei tema som kom fram i møtet, eller at nokon blei inspirerte til nye lokale satsingar som ikkje er tenkt ut før, med mål om auka konkurransekraft i landbruket.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner