Har du ein god prosjektidé?
Fylkesmannen i Rogaland har fått midlar til utdeling for utgreiings- og tilretteleggingtiltak, UTM. Desse skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk kan også få tilskot. Ingen søknadsfrist!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen i Rogaland har fått 3,84 millionar for 2019 til utgreiing- og tilretteleggingstiltak innan landbruksbaserte næringar. Vi saksbehandlar søknadar fortløpande til potten er tom. Har du prosjektomtale og budsjettet klart, kan du søkje elektronisk om midlane. Har du ein god idé og treng hjelp til å utvikle den eller er du usikker om du oppfyller krava, kan du ta kontakt med oss.
Vi minner om at midlane ikkje er retta mot enkeltbedrifter. Det er kommunar, bedriftsklyngar, næringshagar, reiselivsdestinasjonar, faglaga, rådgivinga, organisasjonar med fleire som kan søkje. Meir informasjon finn du på menyen på høgre sida i dokumentet «kven kan søke, og kva kan midlane brukast til?». Ta gjerne kontakt med oss for dialog rundt tiltaket og søknaden!
Andre støtteordningar som skal støtte opp under landbruket (NB: ordningane har ulike søknadsfristar)
- Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket Støtteordninga skal medverke til rekruttering og kompetanseheving i landbruket som styrkar verdiskapinga. Søknader skal sendast direkte til Rogaland fylkeskommune.
- Midlar til investerings- og bedriftsutvikling (IBU) Dette er bedriftsretta midlar der gardbrukarar kan søke Innovasjon Norge om støtte.
- Handlingsprogram Næring Dette er prosjekt som bidrar til berekraftig omstilling, auka verdiskaping og nye arbeidsplassar i tråd med Regionalplan for næringsutvikling, Regionalplan for landbruk, Regionalplan for energi og klima, Kystskogmeldinga, Akvakulturstrategi for Rogaland og Reiselivsstrategi for Rogaland. Elektronisk søknad i regionalforvaltning.
Kontaktpersoner
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72 -
Eli Munkeby Serigstad
Tlf: 51 56 89 62 / 41 41 85 10
Dokumenter
Søknadsskjema utgreiing- og tilretteleggingstiltak
Her finn du søknadskjema til midlane.