Vil du bli en del av vårt kompetansesenter for næringsutvikling i landbruket?
Vi søker ein person som skal bidra til mobilisering av nye næringar i landbruket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi har lyst ut fast stilling innan næringsutvikling, og sjå gjerne stillingsannonsa for meir informasjon. Vi søker etter relevant kompetanse, helst med erfaring frå mobiliserings- og prosjektarbeid. Samstundes er personlege eigenskapar også viktig.
Satsingsområde
Rogaland er eit sentralt landbruksfylke. I landbruket finns det mange ressursar som kan bidra inn i samfunnet på ulikt vis, og vi har eit oppdrag om å mobilisere for nye næringar på gardane. Eksempelvis det å satse på lokalmat, reiseliv, økologisk og Inn på tunet.
I eit godt lag
Hos oss får du arbeide med varierte og interessante oppgåver innan næringsutvikling, i ei avdeling med 25 tilsette som har oppgåver innan heile landbrukssektoren. Du kan vere med å forme innhaldet i stillinga i god dialog med kollegaer som er knytt til mobiliseringsarbeid.
Ta kontakt
Du må gjerne kontakte landbruksdirektør Geir Skadberg eller ass. direktør Anfinn Rosnes.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13