Bønder investerer trass økonomiske utfordringar i 2023

Nytt mjølkekufjøs på Vatne i Sandnes.
Nytt mjølkekufjøs på Vatne i Sandnes. Foto: Anders Bøen Gravdal.

Sparebank 1 Sør-Norge si landbruksavdeling slapp nyleg ein rapport om inntektsutvikling i landbruket på Sørvestlandet for 2023. Det har vore ei negativ utvikling etter "covidåra" 2021-22, men det er tydelege, positive teikn og framtidshåp i Rogaland.

Publisert 17.10.2024

Frå solid auke til nedgang

Bøndene opplevde eit etterlengta løft i inntektene i perioden 2021-2022, både i form av auke i tilskot, men også ein betre marknadssituasjon for produkt frå bonden. Meir innanlands konsum og betrakteleg nedgang i grensehandelen sjåast på som den største bidragsytaren.

I 2023 og over i 2024 har marknaden derimot stagnert, og enkelte produkt har gått tilbake, noko som har vore med på å pressa prisane som igjen har bidrege til ein negativ trend for innteninga til bonden. 

Dyrtid har i aller høgaste grad gjort seg gjeldande for bonden

Totaltinntekta viser ein nedgang på om lag 13 prosent, og den solide auken i dekningsbidrag i 2021-22 har hatt ein nedgang på mellom 20 og 60 prosent. 

Mykje av dette kan komma av ein generell kostnadsvekst, spesielt på gjødsel og kraftfôr, men og andre innsatsfaktorar. Tala ber samtidig preg av at ein opplevde ein jamn auke i rentekostnader gjennom 2023. Bonden kan som kjent i liten grad "velte" kostnadsveksten vidare i kjeda, og auke i tilskot demmer ikkje opp i tilstrekkeleg grad. 

Variasjonar innanfor dei ulike næringane

Mjølk og storfe opplevde stor vekst i dekningsbidrag i 2021-22, men har fått ein dramatisk nedgang på 28 prosent i 2023, der ammeku er hardast ramma. Auke i tilskot på 4000 kroner veg noko opp, men er ikkje i nærleiken av å demma opp for alt. 

Slaktegris er eit av lyspunkta i rapporten og det kunne rapporterast om historisk høge tal i 2022 som blei tangert i 2023 med eit dekningsbidrag på 583 per slaktegris. Dette utgjer ei dobling på 4 år, men trass god produksjonsøkonomi er det lita investeringslyst og evne i den delen av næringa. 

Etter nokre stabile år for sau i 2021 og 2022, var det ein stor nedgang i 2023, der dekningsbidrag per sau gjekk ned frå 1060 kroner til 550 kroner. Det skal nemnast at tilskot på sau har auka slik at brorparten av nedgangen i dekningsbidrag blir dekt inn. 

Investeringsviljen i Rogaland lever vidare

I rapporten blir Rogaland trekt fram som "annerledeslandet" der bøndene investerer for framtida. Investeringsmidlane frå Innovasjon Noreg var brukt opp tidleg på nyåret, etterspurnaden etter landbrukseigedom er generelt god og investeringsviljen er høg, noko denne gladsaka er eit godt døme på.

Ein utsend frå Statsforvaltaren deltok nyleg på mjølkesafari i regi av Sandnes og Gjesdal kommuner der me fekk sjå investeringsvilje på nært hald. Selmer Wathne og Tina Sviland Bertelsen på Vatne i Sandnes har bygd nytt lausdriftsfjøs. Spaden gjekk i jorda i juni 2023 og fjøset på om lag 1200 m2 vart sett i drift i februar i år, med ein total mjølkekvote på 360.000 tonn. Det er gledeleg å sjå slik satsing, også i bynære strøk.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.