Webinar om investeringsmidlar i landbruket for 2025
Regionalt landbrukspartnarskap i Rogaland har høge ambisjonar for investeringar i landbruket i Rogaland også i 2025. No blir det invitert til webinar om investeringsmidlane i landbruket, 4. desember kl. 13-15.00.
96 millionar i IBU-potten for 2025
I jordbruksoppgjeret for 2025 blei det avtalt å sette av 1272 millionar kroner til investeringsmidlar i jordbruket, av dette går 96 millionar kroner til Rogaland. Det er også for 2025 sett av 100 millionar kroner av løyvinga til ein sentral pott øyremerka til lausdriftsfjøs i storfeproduksjonen. For lausdriftsfjøs kan du få støtte på inntil 50% og 5 mill. kroner. For andre investeringar er det inntil 40% og 3,5 mill. kroner. Partnerskapet hadde møte 31. oktober der det blei semje om prioriteringar for 2025.
Program
- Velkomen ved Anfinn Rosnes, Statsforvaltaren i Rogaland. Kort om dei overordna prioriteringane for 2025
- Innovasjon Norge - om søknadsprosess og prioriteringar
- Pause
- Mjølkebonde Gunnar Vetrhus frå Nedstrand - erfaringar og refleksjonar rundt bygging av nytt fjøs
- Rogaland Fylkeskommune - om prioriteringar og virkemidlar
- Spørsmål og dialog
Påmelding
Send e-post til anders.boen.gravdal@statsforvalteren.no innan 3.desember.
Gratis deltaking. Dagen før webinaret får du ein invitasjon via Teams. Dersom du ikkje finn lenka, sjekk søppelposten din om lenka ligg der.
Arrangørar: Statsforvaltaren i Rogaland, Innovasjon Norge og Rogaland fylkeskommune.
Vel møtt!