Uttale til Sokndal sitt planprogram

Planprogrammet skal gi grunnlag for å ivareta nasjonale og regionale interesser i den komande planlegginga, og med utgangspunkt i sektorinteressene våre har Fylkesmannen gitt innspel til Sokndal kommune sitt forslag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.11.2020

Samordna bustad-, areal- og transportplanlegging

Kartleggingar av reisemønsteret i regionen viser at ein stor del av dei daglege reisene i Sokndal kommune er korte, og utbyggingsmønster og transportbehov er difor løfta fram som viktig tema. Fylkesmannen er difor einig i at Regionalplan for samordna arealbruk og transport i Dalane (2019-2030) har føringar om at bustadbygging skal prioriterast innanfrå og ut for å styrke byen, tettstadane og grendesentra.

Utdanning

God kvalitet i skule og barnehage inngår i FN sine berekraftsmål og vil auke attraktiviteten for potensielle nye innbyggarar i kommunen. Derimot er ikkje kvalitet i skule og barnehage omtalt i planprogrammet. Fylkesmannen rår difor kommunen til å innarbeide konkrete utfordringar, mål, strategiar og tiltak innanfor barnehage- og utdanningssektoren i den nye kommuneplanen. Dette er særs viktig av omsyn til svake resultat ved siste gjennomføring av Elevundersøkinga og dei Nasjonale prøvane.

Klima og naturressursar

I oppsummeringa av dei viktigaste punkta er ikkje klimautsleppskutt, energi eller klimatilpassing nemnt. Fylkesmannen minner i den samanhengen om at klima og grøn omstilling er viktige satsingsområde som må integrerast breitt i kommunane og kommuneplanprosessane. Kartlegging av areal for økosystemtenester som klimatilpassing, til dømes vassfordrøying, og utsleppsreduksjon, til dømes karbonrike areal som våtmarker, myrer, skog, bør leggast til blant tema som er aktuelle for konsekvensutgreiing.

Samfunnstryggleik

Sokndal kommune sin heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysa (ROS-analyse) er frå 2014 og oppfyll ikkje krava i forskrift om kommunal beredskapsplikt (tilsyn 2018). Kommunen ønsker no å rullere kommuneplanen før arbeidet med ROS-analysen startar. Fylkesmannen er kritisk til ei slik prioritering som kan innebere at ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for kommuneplanen blir utarbeidd i etterkant av planprosessen. Dette kan innebere eit meir krevjande planarbeid, fare for suboptimale strategiar og lokaliseringar, og også auka risiko og sårbarheit i kommunen. Dette er viktige tema i Sokndal der t.d. omsyn til flaum gjer seg gjeldande med styrke. Kommunen bør difor i det minste revidere den heilskaplege ROS-analysen parallelt med kommuneplanarbeidet, og som eit minimum lukke avviket, slik at den kan vere eit relevant kunnskapsgrunnlag for den vidare planlegginga.

Fylkesmannen støttar kommunen si prioritering om at samfunnsdelen skal reviderast før arealdelen. Det vil bidra til at samfunnsdelen blir lagt til grunn for arealbruksvurderingane i arealdelen. Kommunen bør difor leggja særleg vekt på samfunnstryggleik i kommuneplanrevisjonen, inkludert omsyn til flaum og anna risiko og fare. Vi oppmodar kommunen til å bruke arbeidet med samfunnsdelen til å drøfte både framtidig kommunestruktur og behov for nabosamarbeid der det er behov for ekstra innsats for å gje innbyggjarane gode kommunale tenester i framover.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner