Møte om bruk av bedriftsretta landbruksmidlar i 2016
Det er forventa at mange vil søkje økonomisk støtte til investeringar på gardsbruk i Rogaland. Innovasjon Norge inviterer 11. november til møte om bruk av dei bedriftsretta landbruksmidlane i 2016.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 02.11.2015
Møtet rettar seg mot kommunal landbruksforvaltning, næringsansvarlege i kommunane, rekneskapslag, Norsk landbruksrådgiving og andre rådgivarar i landbruket.
Landbrukspartnarskapen i Rogaland har laga klare føringar for strategisk bruk av midlane, og vil informere om dette i møtet.
For påmelding og meir informasjon om møtet sjå heimesida til Innovasjon Norge