Denne veka kjem produksjonstilskotet

Ein som ventar på tilskotet. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

I følgje Landbruksdirektoratet skal produksjons- og avløysartilskotet for 2024  bli betalt ut 12. februar, men det vil truleg ta nokre dagar før alle får pengane på konto.

Publisert 11.02.2025

I Rogaland har totalt 4003 føretak søkt om produksjons- og avløysartilskot for 2024. Det var 3995 føretak som fekk utbetalt tilskot for 2023. Då blei det betalt ut totalt  2 278 727 987 kr i produksjons- og avløysartilskot til rogalandsbøndene. Det er forventa at det blir betalt ut noko meir i tilskot for 2024, men summen er enno ikkje kjent. Tilskot som kjem inn under denne ordninga er blant anna tilskot til husdyr, driftstilskot til mjølkeproduksjon, areal- og kulturlandskapstilskot til planteproduksjon og tilskot til dyr på beite og utmarksbeite.

Tilskot ein del av inntekta til bonden

I følgje rapporten "Verdiskaping i landbruk og landbruksbasert verksemd i Rogaland" frå 2024, utgjer tilskot i gjennomsnitt rett over 20 % av dei totale inntektene hos bønder i Rogaland. Resten av inntektene kjem frå marknaden (basert på tal frå 2022, veksthus er ikkje tatt med). Gjennomsnittleg fordeling mellom marknadsinntekter og tilskot varierer mykje mellom kommunane i fylket.  

Figur 1: Prosentvis fordeling av marknadsinntekter og tilskot for jordbruket i Rogaland (2022, eksl. veksthus).

Figur 1: Prosentvis fordeling av marknadsinntekster og tilskot for jordbruket i kommunane i Rogaland (tal frå 2022, veksthus ikkje tatt med). Kjelde: H. Knutsen og E. Gran m.fl., Verdiskaping i landbruket og landbruksbasert verksemd i Rogaland, NIBIO rapport vol. 10, nr. 123, 2024. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.