Etterregistrering - frist 10. januar 2019
Innan 10. januar kan søkjar etterregistrere enkelte opplysningar i søknad om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2018.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei som har levert søknad innan fristane 15. mars og 15. oktober kan etterregistrere følgjande opplysningar:
- Avløysarutgifter som føretaket har hatt etter 15. oktober
- Dyr som sanka inn frå utmarksbeite etter 15. oktober
- Livdyr av kylling og kalkun som er selde etter 15. oktober
- Frukt, bær, veksthusgrønsaker (inklusiv salat på friland), samt poteter produksert i Nord-Noreg, som er omsett etter 15. oktober
Korleis etterregistrere opplysningar?
Etterregistrering av opplysningar skal gjerast i same søknadsskjema som tidlegare er levert, via Altinn. Gå inn i elektronisk søknadsskjema og legg inn oppdaterte opplysningar. Før du sender inn søknaden må du klikke på "Kontroller søknaden", då vil systemet kontrollere opplysningane i søknaden.
Hugs å klikke på "Send søknad" for å sende inn søknaden med nye opplysningar. Du skal då få opp eit vindauge med stadfesting på at søknaden er innsendt. Det vil og bli sendt ein stadfesting på innsendt søknad til føretaket sin Altinn-innboks. Dersom du ikkje mottek ei slik stadfesting, bør du sjekke om du faktisk har sendt inn søknaden. Dersom du har spørsmål om etterregistrering, ta kontakt med kommunen for hjelp.