Forvaltningskontroll av tilskotsordningar på landbruksområdet 2024

Rett utbetaling av husdyrtilskot, beitetilskot og kontroll av grunnvilkåret vanleg jordbruksproduksjon er noko av det Statsforvaltaren ser på i ein forvaltningskontroll. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland har hatt forvaltningskontroll av korleis fem rogalandskommunar handterer tilskotsordningar på landbruksområdet i 2024. Kommunane som blei kontrollert er Tysvær, Haugesund, Strand, Vindafjord og Hjelmeland. 

Publisert 22.11.2024

Kommunane har ansvar for rett utbetaling av store tilskotssummar - i 2023 blei det blant anna utbetalt 2,3 milliardar kroner i produksjons- og avløysartilskot til bønder i Rogaland. 

Kontroll med kommunane si handtering av tilskotsordningane er viktig for å oppretthalda tilliten til at fellesskapet sine midlar blir nytta rett. 

I 2023 betalte kommunane i Rogaland blant anna ut tilskot frå følgjande tilskotsordningar: 
- Ca. 2,3 milliardar kroner i produksjons- og avløysartilskot i jordbruket (PT)
- Ca. 79 millionar kroner i regionale miljøtilskot (RMP)
- Ca. 25 millionar kroner i tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v. 
- Ca. 14 millionar kroner i tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) 
- Ca. 11 millionar kroner i tilskot til drenering

Handtering av ordninga "produksjons- og avløysartilskot i jordbruket" blir alltid kontrollert i alle kommunane der me har forvaltningskontroll, fordi det er så store summar som blir utbetalt. Elles varierer det noko kva tilskotsordningar som blir kontrollert i dei utvalde kommunane. 

Kommunar og tilskotsordningar kontrollert i 2024

Følgjande tilskotsordningar blei kontrollert i dei ulike kommunane:

  • Tysvær og Haugesund: Produksjons- og avløysartilskot, tilskot til regionalt miljøprogram, tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket, tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v. og tilskot til drenering
  • Strand: Produksjons- og avløysartilskot, tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v.
  • Vindafjord: Produksjons- og avløysartilskot, tilskot til regionalt miljøprogram, tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket, tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.v. og tilskot til drenering
  • Hjelmeland: Produksjons- og avløysartilskot, tilskot til regionalt miljøprogram, tilskotsordningane på skogområdet

I det store og heile har kommunane god kontroll på at tilskotsmidla blir betalt ut etter gjeldande regelverk. Rapport frå forvaltningskontrollen i kvar kommune finn du her.

Endelege rapportar frå Hjelmeland og Vindafjord er enno ikkje tilgjengelege, men blir lagt ut i løpet av kort tid. 

Internkontrollrutinar og enkeltsaker

Me ser først og fremst på om kommunen har gode internkontrollrutinar på plass. Er rutinane i tråd med regelverket for tilskotsordningane? Så ser me på enkeltsaker for å sjå om kommunen følgjer opp eigne rutinar.

Dersom internkontrolldokumentasjonen og annan dokumentasjon ikkje er på plass, eller dersom kommunen systematisk handsamar saker utan å følgja regelverk og rettleiing, får kommunen avvik. Kommunen må ha ein plan for korleis avvika skal rettast opp før forvaltningskontrollen blir lukka.

Risikobasert utval til kontroll

Når det gjeld ordninga "produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket" skal Statsforvaltaren kontrollera minst 20 % av kommunane kvart år - det vil seie minst fem kommunar i Rogaland. For dei andre ordningane er det ikkje talfesta noko krav til kor mange kommunar som skal kontrollerast.

Utvalet av kommunar til kontroll skal vera risikobasert. I vår risikovurdering legg me blant anna vekt på tal søknadar og sum tilskot utbetalt i kommunen og erfaringane våre frå førre forvaltningskontroll. Det betyr at nokre kommunar vil bli kontrollert oftare enn andre. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.